Historikk

Sirlihaugen barnehage vart opna i juli 1992. I starten hadde vi ei 3-6 års avdeling og ei lita 0-3 års avdeling. Vinteren 1993 opna vi den tredje avdelinga som også vart ei 3-6 års avdeling. Sidan har vi køyrt med 3 avdelingar og no er det ei 0-2 års avdeling, ei 2-4 års avdeling og ei 4-6 års avdeling. Alle avdelingane har både heile og delte plasser.

I starten var drifta andelslag, men frå 2012 har vi vore eit samvirkelag. Dei som får plass i barnehagen vert medlemmar av samvirkelaget og betaler ein medlemskontigent på kr.2.000,-. Desse pengane får dei tilbake når barnet slutter i barnehagen. 

i 2005 kjøpte vi ekstra uteareal, og fekk utvida uteleikeplassen. Vi har opparbeidd eit område på toppen bak barnehagen med 2 hytter. Ei utehytte med grue og ei hytte med varme og plass til ei gruppe. 

Her kan borna leike i urørt natur, og dei eldste har si base der når dei har sin klubbdag.