Ein trygg god start

Sirlihaugen barnehage er ein tre avdelings barnehage med plass til born i alderen 0-6 år. Barnehagen ligg i området ved skulane på Bergsøya og har gangavstand til det meste. Vi har heile og delte plassar.

 

Samvirkelaget Sirlihaugen barnehage SA eig og driv Sirlihaugen barnehage.  Alle som tek i mot ein barnehageplass og betalar ein andel på kr. 2000,- pr. barn vert medlem av laget.  Andelen vert betalt attende når barnet sluttar.

Visjonen vår er: ”Sirlihaugen, ein trygg, god start”. Vårt største ynskje er at barna skal sjå tilbake på tida i barnehagen med glede og vi vil at Sirlihaugen skal vere ein plass der det er godt å vere både for born og vaksne. Vi har eit stabilt personale som trivast godt i lag, og humor er ein viktig del av barnehagedagen.