Redusert Foreldrebetaling

Hushald/familier med lav inntekt kan søke om redusert pris for barnehageplassen.

 

Har foreldre delt omsorg og barnet bur fast hjå begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Gratis kjernetid
Alle 2,3, 4, og 5-åringer, og barn som har utsatt skulestart kan få gratis kjernetid med 20 timar pr. veke. Det er inntekta i hushaldet som bestemmer om ein har rett på ordninga. Meir informasjon og inntektsgrense finn du på nettsidene til utdanningsdirektoratet.

Søknadsfrist:

Du kan søke gjennom hele året. Vedtaket gjeld frå og med fyrste månad etter søknadstidspunktet. Søknaden gjeld for eit barnehageår om gongen. Ordninga gjeld både kommunale og private barnehagar.

Søknadsskjema:

Søknadsskjema redusert foreldrebetaling

Krav til dokumentasjon:

Skattemeldinga er det sentrale dokumentet til søknaden. Dersom denne ikkje kan leggast fram vert dette rekna som anna gyldig dokumentasjon:

1.Vedtak frå NAV
2.Dokumentasjon frå arbeidsgivar på gjeldande løn