Årets bidrag til pepperkakebyen

Då er årets bidrag til pepperkakebyen klart :) I år var det Hakkebakkeskogen som vart til pepperkaker.

Pia og Ingvild har stått i bresjen for mesterverket, og har teke med seg borna i heile prosessen. På Ole Brum har dei vore med å bake og pynte trea, Spirane har baka og pynta bakeriet, Mikkel Rev og Morten skogmus sitt hus. Heffalompgjengen har baka og pynta figurane. De må ta dykk ein tur og sjå når de opnar så tenkjer eg dei kan peike ut kva dei har laga :) Så dette har vore eit skikkelig teamwork der alle har kosa seg med arbeidet. I dag vart det transportert til lokalet. Her er bakarane foreviga før Gunn og Ingvild køyrde ut med det.