NYTT BARNEHAGEÅR

Vi er godt i gang med eit nytt barnehageår og håper alle har følt seg velkomen til barnehagen.

Eit nytt barnehageår er alltid spennande å starte på, og slik det ser ut no så kjem vi til å få eit flott år i lag :) Dei nye borna har komt litt inni barnehagelivet og vert tryggare dag for dag. Vi håper at dei vil trivast her med oss.

Fyrste månedsplanen er no sendt ut, så kjem der meir info om årets opplegg etterkvart.

Foreldremøtet vert tirsdag 16.september. Då vert det både ein felles del og ein avdelingsdel. Tidspunkt kjem vi tilbake til.